Orientering


Informasjon til alle hytteeigarar på Kyrkjebygdheia.

Kyrkjebygdheia AS vil informere om forskjellige aktuelle saker.

Organisatoriske endringar i Kyrkjebygdheia AS

Dagleg leiar Arne Aniksdal har valgt å gå over i anna stilling, og vil ha sin siste arbeidsdag som dagleg leiar 30. september. Arne vil imidlertid kombinere ny jobb saman med salg av hytter og tomter for Kyrkjebygdheia AS.

Ny dagleg leiar er Geir Magnar Aase. Han kjem frå stillinga som dagleg leiar for Bygg Tre AS i Treungen. Tilsett er også prosjekt og salgsansvarleg Halvor Grimstvedt.

Nye brøyteavtalar er inngått

Kyrkjebygdheia AS har etter anbudsrunde overteke ansvaret for alle hovudvegane på heia. Me har kontrakt med Heivegen på disse vegane dei neste 5 åra.

Me har også etter anbudsrunde inngjenge avtale med Kyrkjebygdheia Vel Sammensluttning ( KVS ) vedrørande brøyting for felta Sylvtjønn, Huvtjønnleiken og Breili. Det har blitt gjort forandring vedrørande ekstrabrøyting utanom helgene. Dette er nå prisa til kr 375,- pr. gong.

Nye retningslinjer for avløpssystema på Kyrkjebygdheia

Etter mange års erfaring med avløpssystema på heia både i eigenregi og saman med fagfolk så ønsker me å kome med ein del presiseringar. Det har visa seg at ein av hovudårsakane til tette avløpsrør er feil bruk av toalettpapir. Erfaringar frå andre hyttefelt har også vist at det har en veldig god effekt i å skylle skikkeleg ut i avløpssystema på hytta før avreise.

Derfor må alle hytteeigarar påsjå følgande :

  • Ingen må bruke bleika/resirkulert dopapir

  • Alle hytteeigarar oppfordras til og la vannet renne 30 min før avreise frå hytta.

  • Alle må sørge for at ikkje overflatevatn renn inn i avløpskummen

  • Alle må sørge for at avløpstanken er isolera godt nok mot frost.

  • Alle må sørge for reingjering av sin egen tank. Dette må gjerast etter behov men minimum vår og haust.

Kyrkjebygdheia vil i framtida sjå seg nødt til fakturere hytteeigarar hvis tette avløpsledningar skyldast bruk av bleika/resirkulera toalettpapir, dette vil me sjå på ”proppen” i ledningen når me åpnar den.

Søppelbu

Me vil minne om at søppelbua kun er til husholdningssøppel og ikkje til byggeavfall.


Vakttelefon

Som tidlegare så er tlf.nr. til Kyrkjebygdheia AS vakttelefon 936 80600




Me vil avslutningsvis ønske alle ein fin vinter.



For Kyrkjebygdheia AS

Arne Aniksdal Geir Magnar Aase




Skriv en kommentar: (Klikk her)

123hjemmeside.no
Antall tegn tilbake: 160
OK Sender...

Ola Belland | Svar 04.05.2013 23.20

Hei! Er det noen som vet åssen isforholda på holmavatn er?
Ola.

Se alle kommentarer

| Svar

Nyeste kommentarer

28.06 | 23:41

Mange flotte tiltak her,hva skjer med fisken når de skal tappe vannet til høsten,og hvordan får man skaffet seg tillatelse til å levere inn umerkede garn.

...
04.05 | 23:20

Hei! Er det noen som vet åssen isforholda på holmavatn er?
Ola.

...
04.04 | 17:35

Meget bra bilder

...
06.04 | 11:22

Denne fiske konkurransen er jeg svært for . hilsen breili 36

...
Du liker denne siden